Julehelsing frå ordførar

Jula 2021 nærmar seg raskt og ein kan sjå fram til ei jul som også i år vert noko annleis enn slik vi helst vil ha det.

I fjor på same tid, hadde eg stor tru på at vi neste jul skulle ha lagt mykje av pandemien bak oss. Slik vart det ikkje, og vi står i den største pandemien som har ramma landet på over 100 år.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

For mange delar av den kommunale drifta, har det vore krevjande. Spesielt ser vi at det er stort press på ulike deler av helsetenesta i kommunen. Fleire har heldigvis meldt seg til teneste og mange yter langt meir enn ein kan vente.

Organisering og drifta av testing og vaksinering har oss fått svært mange gode tilbakemeldingar på. Eg må gi ei stor ros til dei som har stått på i denne tenesta.

Næringslivet har stort sett klart seg veldig bra, og enkelte har gjort det svært godt. I november kunne vi notere den lavaste arbeidsløya i fylket på 0,7%. Dette har gjort at det i periodar har vore stort press på å få leige seg leilegheit eller å få kjøpt seg eit hus i Sykkylven. Heldigvis er det mange prosjekt på gang, som i 2022-23 vil gi langt fleire boligar. Der er likevel næringar som har det utfordrande og det er særs viktig vi støttar opp om dei.

I haust fekk vi gladmeldinga om at den avtroppande regjeringa hadde lagt fram forslag om at Sykkylven skulle endre sone for arbeidsgjevaravgift. Dette gjer og at bedriftene får tilgang til ein god del virkemiddel ein før ikkje har hatt. Det vil kome meir informasjon til næringslivet om dette på nyåret. Ei stor takk til næringslivet og alle politikarane som gjennom mange år har arbeid med å få dette på plass.

I ein lengre periode i haust kunne det køyrast arrangement, då smittesituasjonen tillot dette. Det var ein svært kjekk og hektisk periode. Mange flotte kulturarrangement som viste at det rike kulturlivet har klart seg bra, trass i at ein siste året ikkje har fått øvd slik ein gjerne skulle ha gjort. La oss håpe det ikkje går for lang tid før vi igjen kan treffast på slike arrangement.

Kommunestyret vedtok i desember budsjettet for 2022. Det er krevjande å sy saman eit godt budsjett, og alltid noko ein skulle hatt meir midlar til. Likevel er det viktig å gle seg over det ein får til. 2022 er det året ein startar opp bygging av ny sentrumsskule med kulturskule og ein ny idrettshall. Det vert og det året Sykkylven får seg nytt bibliotek på gateplan midt i sentrum. I andre høgda åpnar «SkaparLinken» allereie i januar, som vert ein ny flott møteplass for etablerarar og andre som vil gjere seg nytte av tilbodet. 2022 vert og det året vi får ein etterlengta ny busshaldeplass i sentrum. Ny tryggare skuleveg for borna til Sørestranda skule vil og stå ferdig til våren.

Der er og krinsar som har opplevd at barneskule og/eller barnehage har blitt lagt ned siste åra. Kommunestyret vedtok at dei vil arbeide saman med desse krinsane for at det fortsatt skal vere gode plassar å bo, sjølv om viktige tilbod har forsvunne.

I år som i fjor vert det stort fyrverkeri frå Sykkylvsbrua på nyttårsaftan om veret tillet det. Sykkylven kommune har støtta opp om denne «spleisen» og håper mange andre gjer det i år også.

Siste året har oss fått oss ny lokalavis, noko som gjer at vi vert betre kjent med det som skjer i nabokommunen. Eg synest den nye avisa har fått ein fin start, og det er kjekt og bli betre kjent med både folket og det som skjer i Stranda kommune.

I tida som har vore, har ein del tilbod falle bort. Frivilligsentralen har for eksempel vore stengt grunna korona ein lengre periode, og dette har vore ein viktig møteplass for mange. Og ein del andre faste møteplassar har hatt avgrensa tilbod. Det er derfor viktig at tenker over om der kan vere personar, som kanskje hadde hatt ekstra behov for at nokon tok ein telefon eller to. Einsemd vert kanskje enda sterkare i høgtider, og sterke restriksjonar, gjer at dei som har få rundt seg får enda færre.

Det går mot lysare tider, og la oss håpe det og gjeld for smittesituasjoen. I Sykkylen har vi stått i tøffe tak før og eg er overbevist om at oss saman skal klare dette også!

Til slutt vil eg ynskje alle ei God Jul og eit Godt nytt år!