Julehelsing frå ordføraren

Jula 2020 nærmar seg raskt og ein kan sjå fram til ei jul som for mange vert noko annleis enn vi er vant med.

I mars i år skjedde det som få såg føre seg kunne skje. Norge vart stengt ned grunna koronaviruset. Mykje av næringslivet stoppa opp, elevar måtte ha undervisning heime og barnehagar stengt. Heile 27% av arbeidstakarane i Sykkylven vart brått arbeidssøkjarar i NAV, noko som gjorde at Sykkylven var ved fleire høve på riksdekkande TV og radio. Vi var mange svært uroa over kva framtida ville bringe.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Frå kommunen vart det jobba på «spreng» for å gi alternativ undervisning til våre elevar, ivareta helse for våre mest utsette og samtidig støtte opp under næringslivet, slik dei kom seg vidare.

I dag kan vi sei at Sykkylven er av dei delane av landet som har klart seg best. Den nylege starta kampanjen med 150 ledige jobbar, viser at her har vi eit næringsliv som verkeleg har stått på for å kome vidare. Dette har ikkje kome av seg sjølv! Året 2020 var og det året Sykkylven fekk statsministerbesøk, og ho fekk og opna den nye smittervernfabrikken. Eg må her gi ei stor honnør til dei som opp i alt dette har klart å skape heilt nye arbeidsplassar.

På grunn av at Sykkylven har eit einsidig næringsliv, har ein no fått status som omstillingskommune, noko som vil tilføre Sykkylven mykje midlar og ekstra kompetanse dei neste 6 åra. I perioden vil ein truleg snakke om omlag 32 millionar kroner som vil bli brukt til dette føremålet. Det aller meste eksterne midlar, og arbeidet er allereie godt i gang. Engasjer deg gjerne om det kan vere ting som dukkar opp du «brenn for»!  Eg er sikker på at det vil kome veldig mykje spanande ut av dette.

Mange har heilt sikkert følt på angst og einsamheit dette året. Fleire føler seg ekstra utsett ved ei eventuell smitte. I heimen vår har vi og følt på dette, då vi har ei jente på 10 år, som i september var ferdig med 2,5 år med kreftbehandling og derav lavt immunforsvar.

Fleire har kanskje reagert på at vi har hatt relativt strenge reglar for å halde smitte ute frå våre institusjonar. Alt har vore gjort i beste meining, og mykje er og samkøyrd med stramme reglar i store delar av næringslivet vårt. Vi har til no unngått større smitte i vår kommune, og vi vil halde ei stram line fram til vaksineringa er komen godt i gang. Vi håper på forståing for dette.

Av det som eg har likt aller best med ordførargjerninga, er å reise rundt å treffe folk i ulike lag og på møteplassar. Dette har det blitt svært lite av siste året. Den delen av året vi no er inne i, har sykkylvingane alltid vore flinke til å lage ulike arrangement, der folk treffast i mange ulike samanhengar. Derfor er nok denne tida ekstra utfordrande å handtere når  arrangementa har tatt pause, med dei strenge retningslinjene som no er.

Vi har blitt flinke til å bruke nye kommunikasjonsmiddel dette året, men det å berre å bruke telefonen er nok viktigare enn nokon gang. Fleire føler heilt sikkert meir på einsemd og det er derfor viktigare enn nokon gang at vi tek kontakt i tida framover.

Vi går etter kvar mot lysare tider og ikkje minst det at vaksine mot covid-19 er på veg. Etter kvart vil ting meir normalisere seg og sakte men sikkert kan ein starte opp igjen med dei ulike aktivitetane ein i denne perioden har måtta gi slepp på. Vi gler oss allereie!

Til slutt vil eg at alle får ei fin høgtid saman med dei næraste, og ynskjer alle og ein kvar ei God Jul og eit Godt nytt år!

Odd Jostein Drotninghaug, ordførar

 

  TSkj