Kampanje i barnehagane for trygg sikring av barn i bilI veke 36 og 37 gjennomfører alle barnehagane i Sykkylven ein felles kampanje der målet er at foreldra skal bli endå flinkare til å sikre barna sine i biltrafikken. Publisert 04.09.2023 09.56 Sist endra 04.09.2023 09.57 I tidsrommet 4. til 15. september blir foreldre og føresette møtt med brosjyrer og informasjonssøyler ved inngangen når dei leverer barna i barnehagen. Kampanjen skjer i samarbeid med Trygg Trafikk og politiet, som vil følgje opp med kontroller. Hovudmålet med kampanjen er at foreldra skal sikre barna sine på korrekt måte i setet, og at dei bør sitje bakovervendt heilt fram til dei er 4 år gamle. Foreldra er som regel flinke til å sikre barnet på ein trygg måte gjennom det første leveåret. Men i fylgje Trygg Trafikk viser det seg at bevisstheita rundt dette går gradvis ned dess eldre barna blir. Dei aller fleste skadane skuldast ikkje manglande sikring, men feil sikring. Gjennom kampanjen vil foreldra få servert enkle sjekklister for barnas bilbeltebruk.