Karantenehotell og unntak frå dette

Karantenehotell og unntak frå dette

Hovedregelen er at personar som kjem til Norge frå andre land og område med karanteneplikt, skal opphalde seg i karantenehotel. Dette gjeld ikkje for personar som er busett i Norge (registrert i folkeregisteret) eller har annan fast bustad i Norge.

Unntaksbestemmelse frå karantenehotell for innreisande som kjem til Norge for å utføre arbeid eller oppdrag. Dersom det vert lagt fram stadfesting på at arbeids- eller oppdragsgivar sørger for eigna opphaldsstad , kan denne nyttast.

Krav til arbeids eller oppdragsgivar for at bustad skal vere eigna:

  • Mulig å unngå nærkontakt med andre
  • Einerom
  • TV og internett på rom
  • Eige bad
  • Eige kjøkken eller matservering

Ved reise frå flyplass til karatenebustad, kan offentleg transport nyttast, men det er påbud om bruk av munnbind.
Arbeidsgjevar er ansvarleg for at gjennomføring av karantene blir gjort riktig og at det ikkje skjer brot på karanteneplikt.

Privat innreise. Dersom innreise har anna formål enn arbeid eller oppdrag, må det leggast fram stadfesting frå den som stiller opphaldsstad til disposisjon på at opphaldstad oppfyller vilkår for:

  • Mulig  å unngå nærkontakt med andre
  • Einerom
  • Eige bad
  • Eige kjøkken eller matservering

Den som stiller eigna karantenebustad til disposisjon, er ansvarleg for at gjennomføring av karantene blir gjort riktig og at  det ikkje skjer brot på karanteneplikt.