Klart for hovudopptak i barnehagar 2020

Klart for hovudopptak i barnehagar 2020

Kommunen har no klargjort søknadsskjema for hovudopptaket i barnehagane. Søknadsfristen er 1. februar.

Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2020. Alle barn som er fødd før 1. desember 2019 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket. Det er samordna opptak for private og kommunale barnehagar.

Søknadsfrist: 1. februar 2020

Søknadar som kjem inn etter 1. februar vil ikkje bli handsama i hovudopptaket, men ved supplerande opptak i etterkant.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du ved å klikke deg inn på lenka «Barnehagar». Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til utfylling av skjema kan du ta kontakt med Servicetorget (tlf 70 24 65 00).

Desse må søkje:

  • Barn som ikkje har barnehageplass
  • Barn som står på venteliste no
  • Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Foreldre/føresette som har barn (søsken) som ikkje går i same barnehage, har rett til å søkje om «søskensamanslåing». Desse søknadane skal handsamast i forkant av hovudopptaket. Søknadsskjema for dette kan hentast på Servicetorget eller i den enkelte barnehage.