Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Kommunale barnehagar gjenopnar måndag 20. april

Kommunale barnehagar gjenopnar måndag 20. april

Dei kommunale barnehagane opnar igjen måndag 20. april. I samband med koronautbrotet har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein ny rettleiar som skal gjelde for barnehagane etter gjenopninga. Kommunen vil fylgje dei råd og tiltak som står i rettleiaren. Dette skal bidra til at både foreldre, barn og tilsette skal føle seg trygge.

For å avgrense smitte og gjere opninga forsvarleg, vert det no sett i gong ei rekkje tiltak i dei kommunale barnehagane. Dei tre grunnpilarane for å hindre smittespreiing er:

  1. Sjuke barn og vaksne skal ikkje vere i barnehagen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakthyppigheit mellom personar

 

Redusert opningstid

Barnehagane vil ha gode rutinar for m.a. handvask og reingjering, og vil dele barna i mindre grupper. Dei tilsette vil også få opplæring i smitteverntiltak. Foreldre skal føle seg trygge på at det er forsvarleg å sende barna i barnehage. Men for å klare og gjennomføre tiltaka for smittevern med dagens bemanning på ein god og trygg måte, ser dei kommunale barnehagane ingen annan utveg enn å redusere opningstida. Denne blir no redusert til 7,5 timar per dag, med opningstid mellom klokka 08.00-15.30.

 

Informasjon til foreldre

For å hjelpe til med formidlinga av kva som er viktig å tenkje på når barnehagane opnar igjen, har Utdanningsdirektoratet laga eit skriv som alle foreldre bør lese. Dette skrivet finn du her:

Informasjon til foreldre

Alle bør også lese sjølve rettleiaren som gjeld for smittevern i barnehagane. Her finn du m.a. meir detaljert informasjon om kva tiltak som vert sett i verk og om det er barn/vaksne som ein må ta spesielle omsyn til grunna ulike sjukdomar. Rettleiaren finn du her:

Rettleiar om smittevern i barnehage

Sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdomsfølelse skal barna ikkje møte i barnehagen. Dei skal halde seg heime til dei har vore symptomfrie i 1 døgn. Ved bringing/henting ønskjer ein at foreldra i minst mogleg grad vert med inn i barnehagen, og at barna i staden vert møtt av ein tilsett ved inngangen. Her må likevel omsynet til barnet sitt behov for tryggleik vege tyngst.

 

Auka testaktivitet

Helse Møre og Romsdal har varsla at dei vil auke testaktiviteten inn mot oppstart av barnehage og dei yngste barneskulestega. Dette vil m.a. gjelde tilsette i barnehagar. Det vil også gjelde barnehagebarn og deira husstandsmedlemmar ved mildare akutte luftvegssymptom som har vart i over 2 døgn (medan dei held seg heime).

Klikk for stort bilete