Koronaviruset

02.07.2020 13.34

Kommunale barnehagar inviterer foreldre til besøksdagar

Kommunale barnehagar inviterer foreldre til besøksdagar

Alle som vurderer å søkje plass ved ein av dei kommunale barnehagane vert invitert til å gjere seg betre kjent med barnehagen.

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane 2020/2021 er 1. februar, og det er truleg mange foreldre/føresette som no vurderer korleis dei skal sette opp sine prioriteringar i søknadsskjemaet. For at foreldre skal få eit betre innblikk i den enkelte barnehage, vert difor dørene opna opp for alle potensielle søkjarar.

Dei kommunale barnehagane inviterer til eit uformelt besøk tysdag 21. januar (klokka 17.00-18.00) eller onsdag 22. januar (klokka 09.30-11.00). På onsdagen vil barnehagebarna vere til stades. Det er følgjande kommunale barnehagar i Sykkylven:

  • Blakstad naturbarnehage
  • Tandstad barnehage
  • Ullavik barnehage
  • Vik barnehage
  • Vikedalen barnehage

Meir informasjon finn du ved å klikke deg inn på heimesida til den enkelte barnehage (sjå under linken «Barnehagar» - «Barnehagar i Sykkylven»).

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 482 75 096

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post