Kommunale barnehagar inviterer nye barn og foreldre til besøksdagar

Kommunale barnehagar inviterer nye barn og foreldre til besøksdagar

I samband med hovudopptaket inviterer dei tre kommunale barnehagane nye barn og foreldre til å kome på uformelle besøk. Dette for at foreldre kan få eit nærare innblikk i barnehagane som kan vere aktuelle alternativ ved oppstart etter sommarferien.

Dei kommunale barnehagane ønskjer at foreldre skal få høve til å gjere seg kjende med barnehagane, og få eit lite innblikk i korleis kvardagen er. Det vert vert høve å sjå både leikeområdet ute og korleis det ser ut inne på avdeling. Alle er velkomne, både med og utan barn.

Styrarane har lagt opp til ulike besøksdagar for kvar barnehage, slik at foreldra lettare kan besøke alle alternativ som dei kan tenkje seg å søke plass ved. Under «open barnehage» på føremiddagen vil det vere full aktivitet med barna til stades på leikeplassen. Slå gjerne av ein uformell prat med personalet. På ettermiddag etter stengetid (klokka 17:00-18:00) vil det naturlegvis vere rolegare. Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars, og besøket i barnehagen er heilt uforpliktande.

Fylgjande besøksdagar er sett opp:

Besøkdagar i bhg 2023
Barnehage Besøksdagar Besøksdagar Besøksdagar Besøksdagar etter stengetid Besøksdagar Besøksdagar
Vikedalen barnehage 30. januar, klokka 09:30-10:30 6. februar, klokka 09:30-10:30 13. februar, klokka 09:30-10:30 13. februar, klokka 17:00-18:00 20. februar, klokka 09:30-10:30 27. februar, klokka 09:30-10-30
Ullavik barnehage 27. januar, klokka 10:00-11.00 3. februar, klokka 10:00-11:00 10. februar, klokka 10:00-11:00 14. februar, klokka 17:00-18:00 17. februar, klokka 10:00-11:00 24. februar, klokka 10:00-11:00
Blakstad naturbhg. 1. februar, klokka 09:30-10:30 8. februar, klokka 09:30-10:30 13. februar, klokka 17:00-18:00 15. februar, klokka 09:30-10:30 22. februar, klokka 09:30-10:30