Kommunen vil utvide med ny avdeling ved Ullavik barnehage

Kommunen vil utvide med ny avdeling ved Ullavik barnehage

Frå hausten 2023 opnar Ullavik barnehage ei ny avdeling dersom det melder seg nok søkjarar. Bakgrunnen er at kommunen ser eit auka behov for barnehageplassar i området mellom sentrum og Aursneset.

Dei siste åra har Ullavik barnehage hatt mange på venteliste og er den kommunale barnehagen som har måtte avvise flest ønskjer om plass. Bakgrunnen er truleg ei endring av busetnadsmønsteret med fleire småbarnsfamiliar i dette området. Samtidig er fleire bustadfelt planlagt eller under utbygging.

Det er SFO-bygget ved Ullavik skule som er tiltenkt den nye avdelinga. Lokala blir frigjort i samband med ny sentrumsskule. SFO-delen har gode fasilitetar (m.a. stort rom med kjøkken), og gjennom mindre justeringar vil lokala vere godt eigna til barnehagedrift. Arealmessig grensar Ullavik barnehage og Ullavik skule/SFO til kvarandre, og vil såleis framstå som ei samla eining, noko som også er eit lovkrav.

Utvidinga av barnehagetilbodet i Ullavik er avhengig av at det melder seg nok søkjarar. Hovudopptaket for barnehageåret 2023/2024 har no starta, med søknadsfrist 1. mars. I dag er det 332 barnehagebarn i Sykkylven, noko som er ein auke på 5 barn samanlikna med tilsvarande dato i fjor. Dette trass i at det var forventa ein nedgang på om lag 20 barn, basert på fødselstala. Årsaka til auken er at fleire enn venta søkte om barnehageplass utanom hovudopptaket, såkalla supplerande opptak gjennom året. Dette skuldast både tilflytting av barnefamiliar og innvandring/flyktningar. Helsestasjonen har opplyst at fødselstalet for 2022 i Sykkylven var på 52 barn (tilflytting kjem i tillegg), medan tilsvarande tal for 2021 var 55 barn. Etter sommarferien er det 68 barn som skal over i skule.