Aktuelt

04.04.2022 09.22

Kongeparet til Møre og Romsdal

Kongeparet til Møre og Romsdal

Kongehuset har gått ut med slik pressemelding i dag:
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøkjer Møre og Romsdal i perioden 30. august til 1. september 2022. 

Fylkesbesøket startar i Fjord kommune på føremiddagen tysdag 30. august, og Sykkylven får besøk på ettermiddagen. Onsdag føremiddag kjem Kongen og Dronninga til Vanylven kommune og avsluttar dagen med å besøkje Sande kommune. Fylkesbesøket blir avslutta torsdag 1. september 2022 med besøk til Hareid kommune.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.

Det er med stor glede vi har mottatt meldinga om at Kong Harald og Dronning Sonja kjem til Sykkylven i august. Vi skal gjere dette til ein folkefest så folk kan berre begynne å glede seg, uttalar ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

Det kongelige hoff