Kor berekraftig er Sykkylven?

Kor berekraftig er Sykkylven?

Sykkylven kjem ganske godt ut på mange felt, viser ei kartlegging av berekraft etter ein global modell som FN har utvikla, men her er også mykje å strekke seg etter. 

Sykkylven kommune gjennomførte i 2020 ei kartlegging av berekraft etter eit globalt system uttarbeida av FN. Kartlegginga gir ein oversikt over rapportert tilstand på omlag 100 ulike nøkkelindikatorar for smarte og berekraftige byar og samfunn. Samla gir dette ein «berekraftprofil» for kommunen.  
Kartlegginga er ein del av fellesprosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke er første region i verda som måler berekraft i FN-regi. 
Kartlegginga er basert på ein metodikk og eit indikatorsett som er utvikla av «United for Smart Sustainable Cities» (U4SSC).  
 

Rapporten frå Sykkylven les du her. (PDF, 531 kB)

Meir om berekraft, og samlerapport for Møre og Romsdal finn du her.