Korleis har du det i fylket vårt?

Korleis har du det i fylket vårt?

I løpet av februar vil Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomføre ei folkehelseundersøking i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker.

Alle over 18 år som bur i Møre og Romsdal inviterast til å delta. Ein del tilfeldig utvalgte har blitt kontakta direkte via SMS og e-post. Dersom du ikkje har fått sms/e-post kan du delta via denne lenka. 

Undersøkinga vert gjennomført i perioden 1.-14. februar. Resultata vil gi kunnskap om kva for område som vil trenge ein ekstra innsats, og på kva område det går bra. Informasjonen som vi samlar inn vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet innan fleire områder i fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal. Dette vil kunne ha stor nytte i arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til ein enda betre stad å bu og leve. 

Første gong i Møre og Romsdal

Dette er første gongen det vert gjennomført ei så stor undersøking for å kartlegge befolkninga si helse, trivsel og livskvalitet i fylket. 

Les meir om... 

Klikk for stort bileteBlåtimen-vinter Odd Jostein Drotninghaug