Korona-pandemien - om arrangement, samlingar og aktivitetar

Korona-pandemien - om arrangement, samlingar og aktivitetar

Frå 15.juni er det tillatt med arrangement på offentleg stad for inntil 200 personar.   (offentleg stad er stad som er bestemt for alminneleg ferdsel eller der almennheita ferdast, i tillegg til areal og lokale som vert leigd ut, inkl. grendahus, hotell, forsamlingshus, haller osv.  Med arrangement er meint idrettarrangement, inkl. stemne,kamp og cup, kulturarrangement inkl. konserter og utsillingsopningar, vidare t.d. seminar, varemesser, marknader, bursdagar, bryllup, gravferd og religiøs samlingar.

Viktige påminningar:

  • Det skal vere ein ansvarleg arrangør
  • Ansvarleg arrangør skal legge til rette for at deltakarane kan halde minimum 1 meters avstand.  Ein skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand, under heile arrangementet.
  • Der ein sit ved sida av kvarandre må det vere ein meter frå skulder til skulder.
  • Han skal legge til rette for at deltakarane har muligheiter for å halde god handhygiene og sørge for at smitterverntiltak vert gjennomført.
  • Ansvarleg arrangør må planlegge og risikovurderer arrangementet sitt i samsvar med Folkehelseinstituttet sine råd og føringar.
  • Det må leggast til rette for å ungå trengsel der deltakarar kan forventas å lage kø eller samlast i klynger. God oppmerking t.d. tape på golvet, markering på bakken kan lette dette.
  • Informasjon om generelle hygieneråd og tiltak – t.d plakatar
  • Deling av deltakarane i mindre grupper kan vere eit tiltak.
  • Forsterka reinhald
  • Arrangøren skal ha oversikt over kven som er tilsades, for å kunne bistå med smittesporing
  • Dette gjeld også arrangement på restaurantar og serveringsstader

Spørsmål og svar om arrangement. (Regjeringen.no)

Ved å følgje smittevernråda og passe på deg og dine, vil du også ta vare på og hindre smitte til andre.

TAKK FOR AT DU TEK DETTE PÅ ALVOR!

 

Klikk for stort bilete