Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Koronasituasjonen

Koronasituasjonen

Når t.d. barnehagar og skular og SFO gradvis vert opna er det viktig å vere ekstra nøye med smittevernsråda som vert gitt. Vi må ikkje tenke at koronaepidemien no er over! Oppmodinga er framleis at folk i størst mogleg grad held seg heime.  

Vi minner om:

  • Vask hendene hyppig og grundig, t.d. før du går ut, med det same du kjem heim og før du et
  • Prøv å unngå å ta deg i ansiktet
  • Hald avstand
  • Når vi er saman, også ute, bør vi ikkje vere meir enn 5 personar samla, og vi bør halde ein fysisk avstand på minst 2 meter
  • De som er friske og bur ilag kan omgåast som vanleg, dette gjeld også barn i skilte familiar
  • Unngå handhelsing, klemming og kyssing med andre
  • Unngå unødvendige fritidsreiser
  • Ha heimekontor dersom det er mogleg
  • Fysisk aktivitet, turer i naturen og i dagslys er godt for psyken og for søvn. Start gjerne turen heime, og ikkje på ein overfylt parkeringsplass.
  • Oppretthald sosial kontakt gjennom sosiale media og telefon

Korleis førebygge smitte

Gjeldande karantenekrav:

Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (t.d. hoste, feber, tung pust) skal du halde deg heime eit døgn etter at du har blitt frisk. Dei du bur saman med kan fortsatt gå ut, men må følgje med på eigne symptom.

Det er i tillegg eigne karantenekrav for dei som har vore i utlandet.

Råd generelt, i karantene eller isolasjon

Klikk for stort bilete Helsedirektoratet