Koronavaksinering frå veke 14Frå veke 14 startar vi massevaksinering i prioriteringsgruppe 4. Gruppe 4 er dei mellom 65 - 74 år, og personar mellom 18 - 64 år med sjukdommar eller tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp. For dei mellom 65 og 74 år vil innkallinga skje etter alder. Alle i prioriteringruppe 4, vil få innkalling frå kommunen med tekstmelding på telefonen. Sist endra08.04.2021 11.24 Som hovudregel skal du vaksinerast i den kommunen du bur i, sjølv om du har fastlege i ein annan kommune. Har du fastlege ein annan stad i landet, bør du innhente dokumentasjon om at du skal ta vaksine og kva prioriteringsgruppe du tilhøyrer. Vaksinetelefon Telefontenesta er open tysdagar, onsdagar og torsdagar frå kl. 10.00 - 14.00 Tlf. nr: 91 64 02 79. Kven kan ringe? Om du er over 75 år, og av ulike årsakar ikkje har fått innkalling Om du har spørsmål om innkallinga Om du har fastlege i ei anna kommune og er i risikogruppe 4 Om du har takka nei til time før, men no ynskjer å ta vaksine likevel Har du spørsmål om vaksinasjon, bruk e-post: covid19@sykkylven.kommune.no. Dei som er under 70 år vert oppmoda om å ikkje ringe no. Vi kjem tilbake med oppdatert informasjon så snart vi kjem til neste aldersgruppe. Det er viktig at ein møter presist til oppsett tid! Det er påbod om munnbind ved oppmøte til vaksinasjon. Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema på vaksinasjonsdagen. Har du ikkje moglegheit til å fylle ut eigenerklæringsskjemaet på førehand kan du gjere det når du kjem til vaksinasjonsstaden. Opptrekk vaksine