Vi er no i gang med aldersgruppa 75 til 84 år
Det er om lag 400 personar i denne gruppa som har registrert seg og ønsker vaksine. Vi kallar inn innbyggjarar til vaksinering etter alfabetisk rekkefølgje, og som er ferdig klarert frå fastlegen. Har du fastlege i ei anna kommune, må du sjølv sørge for å innhente klarering. Ta kontakt med kommunen når klareringa er på plass.
Vi sender sms om tidspunkt for vaksinering 5-6 dagar på førehand. I sms-en står tidspunkt for både dose 1 og dose 2. Det er viktig at du så snart du kan, svarar på sms-en: VAKSINE OK.
Dei som har registrert seg med fasttelefon eller ikkje svarar på sms vil bli oppringt.
Vaksineringa blir gjennomført på tysdagar i bankbygget.
Vi er tildelt vaksine frå Pfizer/BioNTech. Informasjonsark om koronavaksinen fra BioNTech og Pfizer (Comirnaty) på ulike språk.
Det er viktig at den som har takka ja til tildelt tid benyttar seg av tilbodet. Dersom du vert sjuk og ikkje kan møte til oppsatt tid, ta kontakt på tlf. 70 24 65 00.
Koronavaksine på 1-2-3
Quick guide to the coronavirus vaccine
Statistikk om koronavaksinasjon i Norge.
Eigenerklæring
Alle som skal ta vaksine må fylle ut eit eigenerklæringsskjema på førehand. Dette vil bli utsendt til deg i god tid før vaksinetaking. Du kan også skrive ut skjemaet.
Eigenerklæringsskjema
Skjemaet skal du ta med deg den dagen du tek vaksine. Om det er spørsmål i skjema du må avklare med fastlegen din, må dette vere klart før vaksinering.
Lokale for vaksinering
Tidlegare Sparebankbygget, Pilgata 10.
Heimetenestene vil gjennomføre vaksinering av personar som ikkje kjem seg til vaksinasjonslokalet. Bebuarar på BUAS vil bli vaksinert på BUAS.
Endringar og oppdateringar vil skje raskt, så det er viktig å følge med på heimesida vår.