Koronaviruset

03.04.2020 09.23

Kulturprisen 2019 til musikkgruppa Saft Suse og Dream Team Sykkylven.

Kulturprisen 2019 til musikkgruppa Saft Suse og Dream Team Sykkylven.

Ordførar delte ut prisen under kommunestyremøte 25.02.2020. Begge gruppene fekk diplom og ein sjekk på kr. 15000.

Frå statuttane til kulturprisen i Sykkylven kommune heiter det:

"Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar) , lag eller organisasjonar i Sykkylven som har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet. Med kulturprisen vil ein kunne heidre personar eller lag som har synt ein særskild innsats for kulturlivet gjennom ei årrekkje eller som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve".

 Klikk for stort bilete Eldar Høidal  

 

Musikkgruppa Saft Suse 

Juryen la vekt på at musikkgruppa Saft Suse har hatt ein jamn og god aktivitet sidan starten i 1989. Dei har delteke på mange konsertar rundt om i landet og vore fantastiske ambassadører for Sykkylven.

Det er svært godt samhald i gruppa og alle støtter kvarandre. Saft Suse sprer song- og musikkglede.

Gruppa vart starta opp som eit prosjekt hausten 1989. Det var Tone Fedt som hadde dette som eit prosjekt i utdanninga si innan Musikkterapi på Sandane. Etter initiativ frå ei foreldregruppe i Sykkylven. Så kom musikkleiar Nils Naasen i kommunen med i samarbeidet og fekk drifta inn i faste former etter kvart. Sykkylven Musikkråd har også våre med frå starten og har bidratt med vaksenopplæringsmidlar. Åge Frøystad – mangeårig musikkleiar har vore med frå hausten 1990. Seinare vart tiltaket integrert i kulturskulen sin drift.

I dag speler følgjande i gruppa: Tor Årdal, Aud Marit Tafjord, Rune Larsen, Laila Grebstad, Bente Brekke Rotnes, Mette Rasmussen og Raivo Rukuts.

Aud Marit Tafjord og Laila Grebstad har vore med heilt frå starten.

Dei øver fast kvar onsdag på kulturhuset. Dirigent er Åge Frøystad. Bandet har også hatt medhjelparar frå kulturskulen m.a. Trine Ramnefjell, Knut-Kjell Fure og Astrid Drabløs.

Saft suse har vore med på mange arrangement og konsertar opp igjennom åra: Gudstenester – m.a fast på Palmesøndag , alltid fast på Sykkylvsdagane, fleire stemner og lokale arrangement. Saft Suse har spelt rundt omkring i fylket m.a i Volda og i Molde. Kulturhelgar i Bjørnssonhuset i Molde og Sparebanke Arena i Ålesund, Formiddagsdans i Ulsteinvik. Dei har spelt for bebuarar på Muritunet i Valldalen og Mork senter i Volda. På 20-årsjubileet i 2009 spelte gruppa på Hurtigrutecruise – Ålesund-Geiranger.

I 1991 var bandet på Oslo-tur for å høyre på Dissimilis konsert i Oslo Konserthus. På førehand hadde dei eigen konsert i Velledalen grendahus, saman med Velledalskoret og Sunnmørstausene for å skaffe inntekter til turen. Dette vart ei stor oppleving for bandet.

Saft Suse har vore arrangør av fleire treff for Funksjonshemma i Storhallen og i kulturhuset. Her har det vore forskjellig idrettsaktivitetar og musikk. Fleire band har vore på besøk og det sosiale har stått i fokus, ofte avslutta med dans.

Haustein 2019 feira Saft Suse storstilt 30-årsjubileum og hadde konsert i Ikornnes kyrekje med gjestane Fjøresteinane frå Ulsteinvik. Dei spelte også på Byrg sitt jubileum på Stranda.

Saft Suse er ei gruppe som er eineståande på å spre glede. Ingen strålar frå scena slik som dei gjer når dei opptrer, og det er vanskeleg å ikkje bli reven med når ein høyrer dei. 

Makan til song- og musikkglede skal ein leite lenge etter!

 

Dream Team Sykkylven

 Klikk for stort bilete Eldar Høidal  

 

 

 

 

Juryen la vekt på at Dream Team Sykkylven har hatt ein jamn og god aktivitet sidan starten i 2011. Dei har delteke på mange turneringar rundt om i landet, gjort ein god innsats og vore fantastiske ambassadører for Sykkylven. Det svært godt samhald i laget og alle støtter og heier fram kvarandre.

Prisen går til eit lag som sidan 2011 har vore ei viktig arena for spelarar med ulike utfordringar. Kvar veke har dei fast aktivitet. Dei held til i Storhallen som er laget sin heimearena.

Tilbodet vart starta opp av FK Sykkylven og i samarbeid med Volker Rust og Mari Brenne Vemøy. Det er eit samarbeid mellom Sykkylven og Stranda. Volker Rust har vare trener frå starten.

I år er det 12-15 spelarar med i laget.

Dei trener hardt og målbevisst på dei faste turneringane dei er med på: Nyttårscupen i Storhallen i januar, Turnering i Ulsteinvik i april, turnering i juni i Ålesund, august i Molde og oktobertreff i Kristiansund. Dream Team Sykkylven. Her konkurrerer dei med dei andre laga i fylket Hødd United, Guard, Stjernelaget frå Kristiansund, Molde FK, Stryn fotball og Stjernelaget frå Åndalsnes. Flotte arrangement med 2 nivå inndeling.

Kvart år har dei deltatt på Landsturneringen. Dette er eit stort arrangement med opptil 1500 deltakarar frå heile landet. Frå Tromsø i nord til Kristianssand i sør. I 2020 skal dei delta på Landsturneringa i Kristiansand. Her blir det turnering på fleire nivå, stor bankett med servering og underhaldning. Ei stor oppleving for alle.

Over år så er det ikkje reint få pokalar Dream Team har på hylla si.

Drifta er basert på eigne inntekter, støtte frå FK Sykkylven/ no Sykkylven IL, støtte frå Lions, Ekornes og Sykkylven kommune.

Dream Team Sykkylven legg mest vekt på fotballglede og vennskap. At alle skal føle mestring på trening og på turneringar. I tillegg legg laget vekt på å vere rause og gir av seg sjølve både til støttespelarar, hjelparar og publikum.

Følgjande er med i laget no:

Tor Aardal, Martin Lade Kalvatn, Eivind Bårnes, Joachim Slyngstad, Kristian Værøy, Petter Hellevik, Bård Johnsen, Jan Kenneth Velle, Ruben Strandmann Hansen, Aina Kvalsvik Brunstad, Tove Anita Forberg, Perenthiru Thiruguasampanthau og Tore Duestøl.

Hovedgrunnen er at denne aktiviteten er eit svært viktig lyspunkt i kvardagen til dei som deltek. Deltakarane seier jamt og trutt at dette gir dei noko å sjå fra til gjennom heile veka. Integreringstanken som ligg bak er unik og sameinar personar med ulike utfordringar og andre som er med fordi dei treng ein sosial samanheng. Samhaldet i gruppa er svært godt der alle støttar opp og heier på kvarandre.

Når vi veit kva verknad fysisk aktivitet har for mental og fysisk helse blir dette enda viktigare for personar som elles lett fell utanfor i andre samanhengar.

Gruppa har hatt fin vekst i den seinare tid. Gjennom positiv haldning, idrettsglede og samhald er dei fantastiske ambassadørar når dei reiser rundt omkring og representerer Sykkylven!

 Kulturpriskomiteen:  Ole Kjell Eidem, Emte Elisabeth Aure, Halstein Kurseth.

Kontakt

Halstein Kurseth
Einingsleiar Kultur
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 416 05 528