Kulturprisen 2019

Kulturprisen 2019

Sykkylven kommune har oppretta ein kulturpris for å stimulere til brei kulturell innsats i kommunen. Namnet på prisen er ”Kulturprisen for Sykkylven”.

Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar) , lag eller organisasjonar i Sykkylven som har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet.

Med kulturprisen vil ein kunne heidre personar eller lag som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve.

Utdelinga skal skje ved første kommunestyremøte kvart år, dersom juryen finn høvelege kandidatar til prisen.

Søknadsfrist: 1.februar 2020

Kultureininga