Kulturprisen 2021 til Marit Helen Akslen

Frå statuttane til kulturprisen i Sykkylven kommune heiter det:

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

 "Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar) , lag eller organisasjonar i Sykkylven som har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet. Med kulturprisen vil ein kunne heidre personar eller lag som har synt ein særskild innsats for kulturlivet gjennom ei årrekkje eller som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve"

Kunsthandverket held eit høgt nivå i landet vårt, om dei norske kunsthandverkarane ikkje alltid får den påskjøninga de fortener. Her i fylket har me fleire som held eit internasjonalt nivå. Ein av desse er tekstilkunstnaren Marit Helen Akslen, som bur og arbeider i Sykkylven. 

I denne samanhengen er det freistande å nemne henne saman med Tone Vigeland, den store stjerna innanfor metallarbeid og smykkekunst. Høgt teknisk/handverksmessig nivå og ei nesten brutal gjennomføringsevne er eit kjenneteikn for begge; at dei ikkje vegrar seg for å gje seg i kast med enormt tid- og konsentrasjonskrevjande arbeid for å realisere interessante kunstnariske idear. Både heilskap og små detaljar vitnar om nyskapande, kreative idear i gjennomarbeidde, ofte større kunstverk. 

Ein skortekrage saman med mange andre skjortekragar blir monumentale verk med overraskande, vakre strukturar, der kvart element går inn i ein større heilskap på nokre skritts avstand, men blir «gjenoppdaga» i nye mønster på nært hald. Uendeleg mange kragar, blir uendeleg vakkert! Eller litt færre kragar – like vakkert.

Gjenbruk er eit sentralt element i kunsten hennar, og skjortekragar eit signatur-element i fleire store, flotte, velkjende kunstverk. Marit Helen Akslen kombinerer det estetiske med det politiske. Dette er ein samfunnsengasjert kunstnar, med kvinnekår, minoritetsproblematikk, undertrykking, klima/miljø og internasjonal solidaritet på programmet. 

Kunsten hennar held alltid høgt nivå, og har vore presentert i mange samanhengar her i landet, i separatutstillingar og i kollektive utstillingar, også internasjonalt. For tida blir kunsten til Akslen presentert gjennom ei stor separatutstilling på KUBE i Ålesund og Triennalen i Trondheim.

Akslen har hatt separatutstillingar ved m.a  ved Vestfold kunstsenter i Tønsberg og Bomuldsfabrikken kunsthall i Arendal i 2018. Ho har vore med på kollektivutstillingar m.a . i Portugal, New York, Latvia og Beijing. I 4 år har ho kome inn på Haustutstillinga .  Ho er innkjøpt av fleire offentleg instanser som t.d. Norsk Kulturråd, Utenriksdepartementet og Trondheim kommune. Ho har gjort fleire utsmykkingsoppdrag som t.d Forsvarsbygg i 2014 , St. Olavs Hospital og Det norsk generalkonsulat i Houston i Texas i 2010.

Ho har i fleire år samarbeidd med to andre kunstnarar på høgt nivå, Geir Morten Brungot og Kjell Gunnar Overøye, i eit arbeids- og utstillingsfelleskap. Dei har saman og kvar for seg vore med på å gjere kulturlivet i bygda vår rikare. 

I prosjektet ''Kunst i natur'', eit samarbeid med musea i Sykkylven, har ho gjennom fleire år gjennomført eit svært vellykka praktisk formidlingstiltak. Her har elevar frå alle barneskulane i bygda laga sin eigen kunst innanfor ulike, aktuelle tema knytt til naturen. 

Innanfor kunsthandverk og kulturformidling i vid forstand er det få som kan fortene ein kulturpris betre enn denne kandidaten.

Prisen er eit DIPLOM og ein sjekk på kr. 15.000

Kulturpriskomiteen: Ole Kjell Eidem,  Emte Elisabeth Aure  og  Halstein Kurseth

Tekstilkunstnar Marit Helen Akslen Torill Skjeret