Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Kunngjering om sal av to skogsteigar / landbruksteigar på gnr. 39 – Sykkylven kommune

Kunngjering om sal av to skogsteigar / landbruksteigar på gnr. 39 – Sykkylven kommune

Prisantyding:

Teig nr 1, gbr. 39/2, ca 133,5 daa                             kr            200.000

Teig nr.2, gbr. 39/62, ca 46,5 daa                             kr            150.000

Sykkylven kommune har for sal to skogbruksteigar/ landbruksteiger. Teigane ligg i område Sætre/Hellen, og er etter vedteken kommunedelplan bestemt brukt til LNF (landbruk/natur/friluft) – føremål.  

Teig nr.1 er del av gbr 39/2 og teig nr.2 er delområde av gbr. 39/62.  

Begge teiger er konsesjonspliktige etter konsesjonslova § 2.

Ved avgjerd av søknad om konsesjon for erverv av eigedom som skal nyttast til landbruksføremål vil det verte  lagt vekt på følgjande moment:

1.            om ervervet inneberer ei driftsmessig god løysing

2.            om ervervar er skikka til å drive eigedomen

3.            om ervervet ivaretar omsynet til ein heilskapleg forvaltning av kulturlandskapet.

Bruksrasjonaliseringar og aktive gardbrukarar vil verte favoriserte. Kommunen kjem også til å legge vekt på arrondering og avstand til driftssenter.

Eventuell ervervar vil ikkje kunne gjennomføre tiltak som er i strid med det vedtekne planføremålet.

For ev. spørsmål, kontakt Jordbrukssjef Mandy Häger eller telefon til servicetorget: 70 24 65 00

Søknad om kjøp vert å sende til postmottak@sykkylven.kommune.no eller Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62 , 6230 Sykkylven.

Frist for å kome med bod på arealet vert 14.mai 2020.

Klikk for stort bilete 

 

 

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 477 15 741