Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Kunngjering - tilsetting ny kommunedirektør

Kunngjering - tilsetting ny kommunedirektør

Geir Ove Vegsund er tilsett som kommunedirektør i Sykkylven kommune  

Geir Ove Vegsund(57) er av kommunestyret 04.05.2020 tilsett som ny kommunedirektør i Sykkylven kommune.  

Vi har hatt ein grundig prosess med ekstern rådgjevar, politikarar, administrasjon og tillitsvalte involvert. Søkjartilfanget har vore godt, vi har hatt fleire godt kvalifiserte kandidatar, og forhandlingsutvalet samla seg om Geir Ove Vegsund, seiar ordførar Odd Jostein Drotninghaug.   

Geir Ove Vegsund kjem frå stillinga som administrerande direktør i Muritunet AS. Vegsund har solid kompetanse og eraring frå både privat og offentleg sektor. Hans evne til utvikling og resultatoppnåing er godt dokumentert. Geir Ove Vegsund har utdanning innan økonomi, administrasjon og leiing, og har i dag ei rekke styreverv. Han har politisk erfaring både på kommune- og fylkesnivå.  

Sykkylven kommune er ei spanande kommune kor vi har moglegheiter for vekst og utvikling. Eg er glad og audmjuk for at eg har fått tillit til ein så viktig og sentral jobb og ser fram til å starte i jobben, seiar Geir Ove Vegsund.  

Meir informasjon: 

Kontakt ordførar Odd Jostein Drotninghaug, tlf. 932 55 516. 

Klikk for stort bilete