Koronaviruset

01.10.2020 10.33

Legekontoret med innskjerpa rutine for besøkande

Legekontoret med innskjerpa rutine for besøkande

Det er innført nye rutinar ved Sykkylven legesenter i samband med koronasituasjonen.
 

Pr 19.3 blir det ikkje utført andre kontrollar enn det som er heilt nødvendig. 

  • Alle skal fortsatt kontakte sin fastlege ved behov for hjelp, helst elektronisk besøkslegen.no.
  • Ein kan også sende epost: kontoret@sykkylven.nhn.no.
  • Telefon ved legekontoret blir betjent kvar dag som før, men med redusert kapasitet. 
  • Fastlegen vil foreta video konsultasjon.                                                                                                             Der det er behov for at pasient  må ha undersøking/utredning, vil det blir gjort avtale slik at pasient blir ivaretatt på forsvarleg måte.
  • Alle med luftvegssymptom må ta kontakt på telefon til legesenteret for å bli sett på liste til fastlege for telefon eller e-konsultasjon.
  • Pasientar med avtalt time skal vente i eigen bil. Legen ringer når det er klart for at pasient kan takast imot.
  • Dei som kjem med drosje kan sitte på venterommet, men det er viktig å halde minst ein meters avstand til andre pasientar.
  • Laboratoriet er open for helit nødvendig prøvetaking t.d. pasientar med nyresvikt/kreft/gravid mm.

Klikk for stort bilete Fastlegen.no