Lokal Covid-19 forskrift vedteken for Sykkylven - oppdatert informasjon påske 2021

Sykkylven kommune si kriseleiing har i dag vedteke tilsvarande lik forskrift som omkringliggande kommunar på Sunnmøre. Kriseleiinga har teke utgangspunkt  i at også vi er ein del av den tette bu- og arbeidsmarknaden i Ålesundregionen.

Sykkylven kommune har ikkje smitte per i dag, men har, og har hatt,  fleire personar i karantene med bakgrunn i dei ulike utbrudda som har vore i vår region den siste tida.

Forskrifta er eit tiltak som skal førebyggje utvikling av smitte.

Vi står no framfor påskeferien, og vi har attraktive hytte- og fjellområde som mange frå Ålesundsområdet og andre stader, nyttar seg av. Det er difor viktig å ha tilsvarande tiltaksnivå for å motverke koronaviruset. Tiltak blir sett i verk frå kl 24.00 22. mars og gjeld fram til 11.april kl. 24.00.

  

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte(Covid-19) i  Sykkylven kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen i samråd med kriseleiinga i Sykkylven kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med kommune sitt gjeldande delegeringsreglement.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i nærliggande kommunar. Dette er kommunar som Sykkylven har stor gjensidig kontakt med herunder arbeidspendling, utdanning, handel og hytte/friluftsliv.

§ 2. Verkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sykkylven kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i denne forskrifta kjem i tillegg til dei reguleringar som følgje av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Stenging av verksemder

Følgande verksemder og stader skal halde stengd:

  1. Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:
    1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    2. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.
  2. Symjehallar, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:
    1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.
    2. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.
  3. Fornøyelsesparkar, spelehallar, leikeland og tilsvarande stader.
  4. Museum.
  5. Kino, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.
  6. Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde opent for barn og unge under 20 år, utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av livssynssamlingar og seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved bryllaup, gravferder, bisettingar, dåp og konfirmasjon. Covid-19 forskrifta § 13a, Antall personar som kan vere til stade på eit arrangement i Covid-19 forskrifta gjeld, likevel slik at det på anna arrangement enn gravferd eller bisetting ikkje kan vere meir enn 20 personar til stade når alle i publikum har faste, tilviste sitteplassar.

I gravferder og bisetting er talet på dei som kan vere til stade, max 100 personar.

Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stade, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell, er tillate.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskule, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven skal haldast stengt, slik at undervisninga skjer digitalt.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for profesjonelle toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, på serveringsstader, i helse- og omsorgsinstitusjonar inkl. venterom,  i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

§ 11. Ansvar

Sykkylven kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 12. Straff

Forsetteleg eller grovt uaktsam overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

§ 13. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 22.mars kl. 24.00 og gjeld fram til 11. april kl. 24.00.

 

Har du spørsmål om forskrifta kan du kontakte oss på epost:

covid19@sykkylven.kommune.no

 

Nasjonale råd:

Hvis du reiser til ei anna kommune, eller til hytta, ha minst mulig kontakt med andre og handle gjerne før du reiser.

Kjem du frå ein stad med strengare smittevernreglar enn dit du kjem skal du handheve dei strengaste

Du bør unngå fleire enn 10 sosiale kontakter pr veke, ut over nødvendige kontakter i jobbsamanheng, hustandsmedlemmar, og barnehage- og skulekohorter.

Du bør ikkje ha besøk av meir enn 5 personar i din eigen heim.  Kan de samlast ute så er det best.

Overnattingsbesøk blir frarådd for personar som kjem frå områder med høgt smittenivå.

Reiser til utland er frarådd

 

Lokal presisering:

Sykkylven kommune vil

- forsterke råda om å ikkje gjere unødige reiser

- minne om at nasjonale råd seier maksimum kontakt med 10 personar i løpet av heile påskeveka - ikkje pr. gong eller pr. kveld.

Dersom familiar planlegg å ta imot besøk frå område med høgt smittetrykk i påska, rår kommunen til at denne reisa blir avlyst. Unntaket gjeld studentar som ikkje har familie på studiestaden. Her vil kommunen sterkt tilrå testing før avreise og ny test i heimkommunen.

Kommunen presiserer også at det er anbefalt å ikkje ha overnattingsbesøk i påska, med dei unntaka som står i dei nasjonale råda.

 

Testing :

Veke 12: Tysdag, torsdag og fredag.

Veke 13: Mandag, tysdag og fredag.

Veke 14: Tysdag, onsdag og fredag.

Du bestiller time digitalt: www.c19.no

Koronatelefon ( 48 14 52 59) er open kvardagar kl 0900-1500.

Veke 13 er koronatelefonen open måndag og tysdag kl 0900-1400, fredag  kl 0900-1100.