Lokal forskrift gjeldande frå 27. april kl 2400 til 04. mai kl 2400

Lokal forskrift gjeldande frå 27. april kl 2400 til 04. mai kl 2400

Det er mange personar i karantene som venter på prøvesvar, og mange som skal testast, relatert til smitteutbrota i nabokommunane. Personar i ventekarantene treng ikkje å teste seg. Du skal vere i ventekarantene fram til den som er nærkontakt har fått negativt svar på den første testen. 

Vidare viser ein til den alvorlege og til dels uavklarte smittesituasjonen i Ålesund, som kommunen har nær tilknyting til både med arbeidspendling og handel.

På bakgunn av denne uavklarte situasjonen vedtek kommuneoverlegen, i samråd med kriseleiinga, førebels forskrift tilsvarande forskrifta i Ålesund, Sula og Giske.

Sykkylven si forskrift (PDF, 335 kB) vert gjort gjeldande for ei veke. 

Klikk for stort bilete

Lokal forskrift 

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen i samråd med kriseleiinga i Sykkylven kommune med heimel i lov 5.august 1994 nr. 55 om vern mot stmittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med kommunen sitt gjeldande delegeringsreglement.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i nærliggande kommunar. Dette er kommunar som Sykkylven har stor gjensidig kontakt med herunder arbeidspendling, utdanning, handel og hytte/friluftsliv.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sykkylven kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Stenging av verksemder

Følgande verksemder og stader skal halde stengde: 

a) Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde ope:

1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

2. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.

b) Symjehallar og badeanlegg, likevel slik at følgande tilbod kan halde ope:

1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.

2. Behandling, rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.

c) Fornøyelsesparkar, spelehallar, leikeland og tilsvarande stader.

d) Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.

e) Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde ope for barn og unge under 20 år, det same gjeld utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av:

a) Gravferder, bisettingar og seremoniar ved grav med inntil 50 personar til stades

b) Andre livssynssamlingar med seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved vigslar, dåp, konfirmasjon med inntil 20 personar til stades.

c) Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgjevarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgjevarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkeløyve etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkeløyvet.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskole, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven skal haldast stengt, slik at undervisninga skjer digitalt.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, på serveringsstader, i helse- og omsorgsinstitusjonar inkl. venterom,  i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 11. Ansvar

Sykkylven kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 12. Straff

Forsetteleg eller grov aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1. 

§ 13. Ikraftsetjing 

Forskrifta trer i kraft 27. april kl. 24.00 og gjeld fram til og med 4. mai kl. 24.00.

 

Sykkylven kommune rår innbyggjarne elles til å følgje dei same lokale råda som Ålesund, Giske og Sula:

  • Kommunane tilrår maks to gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontaktar i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Oppmodar om å halde minst to meter avstand til andre.  
  • Innbyggarane bør handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er nødvendig.
  • Unngå unødige reiser.

  

Nasjonale råd

Kommunen rår deg elles til å følge dei nasjonale råda.