Mange ledige plasser til 1.dose 27. juli og 03. august

Mange ledige plasser til 1.dose 27. juli og 03. august

Mange venter med å bestille time til koronavaskinering. Dette gjer kommunen, som ansvarleg for tilbodet, usikker på kvifor. 

Venter du med å bestille pga ferie, ynskjer du ikkje vaksine, er du vaksinert ein annan stad, eller har du ikkje forstått SMS beskjed du har motteke? 

 

Vi får veldig mange 1.dose i veke 30 (27. juli) og veke 31 (03. august). Vi oppfordrar sterkt folk om å melde seg til vaksine desse vekene. Dette gjeld ikkje 2.dose.

I SMS du har motteke kjem det ikkje tydeleg fram om du vil takke NEI.

Vi ber deg finne fram att SMS frå c19.no og følgje bestillingslenka også om du ikkje ynskjer vaksine. Då får du val om å takke NEI.

I SMS har du også fått lenke til informasjon. Den kan du lese her.

Meir enn 800 personar har fått tilbod utan at dei har bestilt time. Du får alltid første ledige time, så du kan ikkje bestille fram i tid. Dersom årsaka til at du ikkje har bestillt er at du ikkje kan møte til neste time, så må du berre vente.

Dersom du venter med bestilling av ei anna årsak kan du vurdere om du vil sende ein epost til Covid19@sykkylven.kommune.no 

Sykkylven har no berre 4 årskull igjen, over 18 år,  som ikkje har fått invitasjon til vaskine. Desse får invitasjon til å melde seg på via c19.no mandag 26,juli etter kl 1200. 

Klikk for stort bileteSMS vaksine S.H