Mange ledige vaksinedosar til 3.august

Mange ledige vaksinedosar til 3.august

Sykkylven kommune har mange ledige vaksinedosar til 3.august. Vi oppfordrar folk som enno ikkje har bestilt time til første dose om å gjere det snarast mogleg. 

Ved behov, og for å sikre at vi får satt alle vaksinedosane, opnar vi også opp for å gi andre dose til dei som tok dose ein for meir enn fem veker sidan. Personar som tok dose ein 15.06 eller 22.06 vil derfor få sms med tilbod om å ta dose to førstkomande tysdag (3.august). OPPDATERING - personar som tok dose ein 29.06, kan også få tilbod om å ta dose to 3.august.

Tysdag 3.august vaksinerar vi frå klokka 10.00 - 20.30. Dei som får sms om å stå på reserveliste, vil bli oppringt mellom kl. 19.00 - 20.30. 

For deg som ikkje har bestilt time til dose ein enno

Er du ein av dei 721 personane som har fått sms frå c19.no med beskjed om at du kan bestille time for vaksinasjon, men som av ulike grunnar ikkje har gjort det enno? Då må du gå inn på c19.no og bestille time, eller takke nei til vaksine, så snart som mogleg. Dersom du har fått vaksine ein annan stad, eller er fullvaksinert, må du takke nei til vaksinen. 

Mangel på respons gir mykje ekstraarbeid for dei som organiserar vaksinearbeidet.

For deg som ventar på dose to

Dersom det er meir enn 5 veker sidan du tok dose ein, har du no moglegheit til å framskunde timen for dose to. Har du lyst til å melde deg kan du sende oss ein e-post; covid19@sykkylven.kommune.no. Du kan ikkje sjølv gå inn å endre tidspunkt for dose to.

For deg som har avbestilt time

Om du har avbestilt time til vaksine tidlegare må du gi oss beskjed på e-post covid19@sykkylven.kommune.no for å få ny time.

Klikk for stort bilete