Meir støtte til korona-utsette bedrifter

Meir støtte til korona-utsette bedrifter

Sykkylven  kommune vart tildelt kr 646 000,- i ei ekstra tildeling frå kommunal- og moderningseringsdepartementet 25. juni, som skal sette kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak.

Formålet er å raskt avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, og som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Tildelingskriterier

  • Lokale verksemder innan overnattings- og serveringsbransjen, sports- og fritidsverksemder (utanom idrottslag), detaljhandel (utanom daglegvare), reisebyrå- og aktivitetsarrangørar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnadar eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
  • Fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Sykkylven kommune.

Kommunen har fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 16.august 2021. 

Tildeling blir vedteke i formannskapet i Sykkylven kommune 30.august.

Sjå skaparglede.no for meir informasjon

Ved spørsmål, ta kontakt:

Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Helene Folstad

Mobil 92 45 58 52

E-post: asne@skaparglede.no

Klikk for stort bileteNysætervatnet