Møte i beredskapsrådet i Sykkylven

Onsdag 22.6.22 hadde beredskapsrådet i Sykkylven sitt  faste årlege møte.  Beredskapsrådet er eit samarbeidsorgan som i tillegg til medlemmene i kriseleiinga og repr. frå omsorgsberedskapen, har medlemmer frå frivillige organisasjonar, lokale statlege organ og forsvar/sivilforsvar.

Beredskapsrådet 22.6.22 OJD  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

I årets møte var det politiet som hadde hovudinnlegget, med informasjon om politidistriktet, om organisering, nøkkeltal og politidekning, vidare om arbeid og beredskap for å møte ulike kriminalitetsutfordringar, nye utfordringar som følgje av samfunnsutviklinga generelt og den digitale utviklinga spesielt.

Etter hovudinnlegget var det informasjon og drøftingar rundt bordet. Sykkylven energi om straumforsyninga og beredskapplanverk, om planverk i høve til t.d straumrasjonering. Vidare dei andre aktørane om sitt beredskapsarbeid og sine ressursar.

Forutan representantar for dei kommunale tenestene; m.a. landbruk, samfunnsplanlegging, kommuneoverlegen, tekniske tenester og brannvesenet deltok NAV, Røde kors, Kyrkja. Vidare Heimevernet og Sivilforsvaret.

Alpin redningsgruppe, Mattilsynet og Ekornes er også med i rådet, men desse hadde ikkje høve til å møte denne gongen.

Formålet med rådet er at det skal vere «eit forum for samarbeid og gjensidig informasjon om dei einskilde gruppene sin beredskapsmessige status».

Det er viktig at alle aktørar som kan bli involvert i ein beredskapssituasjon kjenner kvarandre, og deler kunnskap og oversikt over kvarandre sine ressursar og beredskapsplanar. Dei fast møta i rådet er med på å bidra til dette.