No kan du bestille korona-test på nett

No kan du bestille korona-test på nett

Sykkylven kommune har no opna for digital bestilling av covid-19 test. Du treng ikkje henvisning frå lege eller andre helsetenester. Det er nok at du følger gjeldande nasjonale kriterier for testing før du bestiller. 

Er du i tvil kan du ta helsenorge.no sin koronasjekk.

Slik bestiller du test på nett

  • Gå inn på nettsida c19.no
  • Du kan bestille test både for deg sjølv og på vegne av andre personar
  • Logg inn med elektronisk ID, oppgi kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan person. 
  • Kryss av dersom du mottek kommunale helsetenester i heimen (feks. heimesjukepleie). 
  • Umiddelbart etter at du har sendt inn bestilling får du informasjon om når og kor du skal møte opp. 
  • Sykkylven kommune testar tirsdagar og fredagar

c19.no - bestill test her

Råd og rettleiing for koronatest

Dersom du ikkje er digital bruker kan du ringe Sykkylven kommune og få råd og hjelp. 

  • Telefon: 48 14 52 59. Telefontid: kl 09.00 - 15.00 alle kvardagar
  • Sentralbord Sykkylven kommune: 70 24 65 00 (kvardagar frå 09.00-15.30)
  • Dersom du treng helsehjelp ta kontakt med Sykkylven legesenter på telefon 70 25 50 50 eller legevakt på telefon 116 117

Teststasjon
Klikk for stort bilete 

Møt opp i bil. Dersom du ikkje har moglegheit til det, stiller du deg ved testteltet. 

Du skal køyre inn på framsida av tidlegare Sparebankbygget. 

Adresse: Sparebankbygget, Pilgata 10, 6230 Sykkylven

 

 

 

Sjekk testsvar på helsenorge.no 

Testresultatet finn du på helsenorge.no. Der får du svar så snart testen er analysert, 1-2 dagar etter at du tok testen. 

Testsvar - helsenorge.no