No kjem valkortet!

No kjem valkortet!

I desse dagar får alle røysteføre tilsendt valkortet sitt. Det kan variere litt når du får det, men alle veljarar skal ha motteke valkortet innan 12. august. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det gjer røystinga enklare.

Har du ikkje fått valkortet innan 12. august kan du ta kontakt med kommunen din.

Du kan røyste utan valkort, men du må ha med legitimasjon.

Hugs at du kan røyste i førehandsrøysteperioden frå 12. august til og med 6. september, og på sjølve valdagen 9. september.

Meir om valgkortet kan du lese her.

Dersom du lurer på kvar ditt næraste vallokale er, finn du dette på valglokaler.no.

Kontakt

Elisabeth Opsvik
konsulent
E-post
Telefon 70 24 66 57
Mobil 916 40 279