Aktuelt

04.04.2022 09.22

Ny fakturadistribusjon

Ny fakturadistribusjon

Den nye løsninga inneber at alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt - som eFaktura, Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks), avtalegiro eller som vedlegg i ein e-post.

Hvis dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassa din.

Sykkylven kommune som fakturautstedar kan ikkje påverke kva kanal du vil få fakturaen i.

Dette styrer du sjølv i nettbanken eller på digdir.no. Før faktura sendast gjerast det eit oppslag mot dei ulike kanalane i ei bestemt rekkefølge, og fakturaen sendast i den øvste rangerte kanalen som er aktiv.

Rekkefølgen er som følger:

  1. Avtalegiro (for alle som har inngått avtalegiro avtale)
  2. eFaktura
  3. Vipps regning
  4. Digital postkasse innbygger (Digipost eller eBoks)
  5. E-post
  6. Blankett/papir

Meir informasjon finn du ved å følge lenkja: Ny Fakturadistribusjon