Ny kommuneoverlege for Sykkylven og Stranda

Ny kommuneoverlege for Sykkylven og Stranda

Aleksander Sommerdalen er tilsett som kommuneoverlege for kommunane Sykkylven og Stranda med planlagt oppstart 10.mai.  

Sommerdalen er 39 år og øre-nese-halslege. Han bur på Åse og arbeidar i dag som fagansvarleg for Ålesund interkommunale legevakt, Ørskog legevaktstasjon, nyetablert videolegevaktsatelitt i kommunedel Sandøy, interkommunal Øyeblikkelig-Hjelp-Døgn-avdelingen på Åse samt interkommunalt Overgrepsmottak som vert drifta på vegne av Helseføretaket.  Han har god kjennskap til offentleg forvaltning og har brei erfaring frå både privat og offentleg helseteneste. Han er i gang med spesialisering i samfunnsmedisin, og har stor interesse for utfordringane i faget. 
 

Klikk for stort bileteAleksander Sommerdalen