Ny krisepakke for frivillige lag og organisasjonar

Ny krisepakke for frivillige lag og organisasjonar

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet. 

Søknadsfristen er 15.september 

Krisepakken gjeld for perioden 12.mars til og med 31.august 2020. 

Søkjarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).   

 Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  

  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).  

Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  

  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Dette er ei tillitsbasert ordning. Søkar pliktar å gi opp korrekte opplysningar. Dersom søkar er i tvil om kva ordninga kan kompensere må dette avklarast før søknaden blir sendt. Sjå spørsmål og svar her

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside.

Klikk for stort bilete