Ny sentrumsskule i Sykkylven

Ny sentrumsskule i Sykkylven

Forprosjektet til ny sentrumsskule for Sykkylven er no ferdig og oversendt til politisk behandling. Levekårsutvalet skal diskutere saka på sitt møte torsdag før påske, og rett over påske er det Rådet for funksjonshemma og Byggekomiteen sin tur, før formannskap og kommunestyre får saka på sitt bord i slutten av april.

 Klikk for stort bileteSlik ser vi for oss at hovudinngangen frå vest kan utformast. 

Dersom forprosjektet blir vedtatt politisk, er planen å lyse til på anbod relativt omgåande, og kommunen ser for seg byggestart til hausten. Ferdig bygg er planlagt våren 2023 og elevar og tilsette kan flytte inn på ny skule frå hausten 2023.

Prosjektet som ligg føre har ei total kostnadsramme på 283,5 millionar kroner eks. mva. Skulen vil bli bygt med 3 parallellar på kvart årstrinn, eigen ressursavdeling med rom for særlege funksjonar, kulturskuleavdeling med spesialrom, samt full idrettshall med 3 sett garderober. Hallen er planlagt som ein rein treningshall utan tribuner.

Bygget er planlagt i massiv tre – unntatt idrettshallen, som skal byggast etter konvensjonell metode med stål og betong. Bygget er planlagt svært energieffektivt og fyller kravet til passivhus. Energiforsyning kjem primært frå jordvarme.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Skisseoversikt: 

Ny sentrumskule 1. et. forprosjekt (PDF, 2 MB)

Ny sentrumskule 2. et. forprosjekt (PDF, 2 MB)