Nye doser vaksine for dei mellom 75 og 84 år

Nye doser vaksine for dei mellom 75 og 84 år

I veke 11 får vi 102 nye doser av typen Pfizer/BioNTech.

Vi held no på å kalle inn mange i denne gruppa til vakinasjon på tysdag 16. mars. 

Klikk for stort bileteVaksinering 

Vi har då omlag 220 personar att i denne gruppa som ønsker vaksine før vi kan gå på den neste gruppa i vaksineplanen. Den neste gruppa er dei mellom 65 og 74 år.

Tilgang på vaksine er avgjerande for kor fort det kan gå. 

Vi har etterkvart opparbeida oss god kompetanse på alle oppgåvene i vaksinearbeidet og vi er godt rusta til vaksinegjennomføringa. Vi har fått gode tilbakemeldingar på gjennomføringa.