Aktuelt

14.01.2022 16.00

Nye koronaregler

Nye koronaregler

Med bakgrunn i regjeringa sin pressekonferanse i går, der nye tilrådingar, påbod og tiltak vart presentert, og med bakgrunn i den eksisterande smittesituasjonen i Sykkylven, har kommuneleiinga i samråd med kommuneoverlegen i dag bestemt at barnehagar og skular i Sykkylven går over til grønt tiltaksnivå frå måndag 17. januar 2022. Dette gjeld private og kommunale barnehagar, private og kommunale grunnskular, samt Sykkylven vidaregåande skule.

Både barnehagar og skular skal praktisere gode smittevernfaglege råd og legge opp til smittevernfagleg forsvarleg drift, i tråd med styresmaktene sine tiltak. 

Det vil naturlegvis vere slik at endringar i smittesituasjonen i Sykkylven vil kunne endre på tiltaksnivået, og både skular og barnehagar må vere budd på raske skifte i smitteverntiltaka dersom smittesituasjonen skulle tilseie det. 

Hjelp oss å avgrense smitte

Vi takker alle dei som har latt seg vaksinere for at vi no kan lette på tiltaka. Vi veit at vaksina bidrar til at færre blir alvorleg sjuke.

Her kan du finne informasjon om vaksinering 

Det er forventa at smitten vil auke framover. For å hindre smittespreiing er det viktig at kommunen får vite om alle smittetilfelle.

Ta PCR-test om du har symptom

Meld frå om du har positiv hurtigtest

E-postadresse: smittesporing@sykkylven.kommune.no

Dei nye tiltaka

Det er gjort fleire endringar i tiltaka, som t.d. alkoholservering, arrangement og aktivitet for barn og unge. Her finner lenkje til dei nye koronareglane .