Koronaviruset

11.09.2020 08.52

Nye leiligheiter sentralt i Sykkylven - Smibrauta

Nye leiligheiter sentralt i Sykkylven - Smibrauta

Sykkylven kommune tek no i mot søknadar til dei ni bustadane i Smibrauta. Bustadane vil vere innflytningsklare 1. mars 2020. 

Kommunen tildelar bustadane etter søknad og etter dei kriteriar som kommunen og Husbanken har sett for tildeling. 

Hovedvilkåra for leige av desse bustadane er at søkjar(ane) må;

  • Bu eller opphalde seg i kommunen
  • Ha behov for helse- og omsorgsteneste av varig karakter
  • Ha moderat funksjonssvikt, det vert vurdert om kommunal tildeling av privat bustad kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt med siktemål om å bu lengre heime

Informasjonsbrosjyre og søknadsskjema finn du på servicetorget eller på heimesida til Sykkylven kommune: https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/helse-omsorg-og-velferd/bustadsosiale-tenester/kommunal-bustad/

På servicetorget får du og utdelt eit informasjonsark om leigeprisar og vilkår for bustadane.

Søknadar kan sendast til postmottak@sykkylven.kommune.no  eller dei kan leverast til servicetorget.

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med servicetorget på telefon 70246500 eller Sykkylven bustadselskap AS v/Vidar Nakken på telefon 90203240.

 

Klikk for stort bilete