Nye og strengare nasjonale smitteverntiltak frå og med 04.01.21

Nye og strengare nasjonale smitteverntiltak frå og med 04.01.21

Regjeringa har kome med nye og strengare koronatiltak.

Sykkylven kommune vil inntil vidare følge dei nasjonale råda, dei finn du her. 

Sjølv om smittetala har vore aukande også i vår region, tilseier smittesituasjonen lokalt i Sykkylven kommune ikkje behov for forsterka tiltak no.

Fritidsaktivitetar

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, er anbefalt utsett til etter 18. januar. Det gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/ kohorter.

Elevar i barneskulen og i barnehagen kan treffast innan sin kohort også på fritida, elevar i ungdomsskulen skal ikkje ha omgang med andre på fritida. 

Trafikklysmodellen for barnehagar og skular

Frå og med 04.01.21 er Sykkylven ungdomsskule på raudt nivå, barnhagar og barneskulane er framleis på gult nivå.

Alle møter på skulen som vanleg.

Ungdomsskule-elevane vert oppmoda om å bruke munnbind på skulebussen.

Rådhuset stengt:

Med bakgrunn i nasjonale føringar om heimekontor og minst mogeleg kontakt vert rådhuset stengt fram til 18. januar. All møteaktivitet vert arrangert på Teams, politisk gjeld dette NU-møte 18. januar.

Klikk for stort bilete