Nytt buss-stopp i Aure sentrum

Nytt buss-stopp i Aure sentrum

I dag markerte Sykkylven kommune at vi har flytta område for på-/avstigning for dei reisande med buss. Det er plass til 4 bussar i det nye området. Området vert godt belyst på kvelden, og vil vere langt meir oversiktleg enn den løysinga vi har hatt. Målet er no å få til ei løysing for sykkelparkering på andre sidan av vegen, slik vi kan kombinere det for besøkande på Skaparlinken, biblioteket, dei som syklar til bussen, og elles andre som nyttar dette området av sentrum.

Første passasjer ved den nye bussplassen i sentrum, Catharina E. Lade S.H

Venteplass for dei reisande er no flytta frå område ved Kiwi til nytt område ved kyrkjeparken. 

Det har vore ein lang prosess frå beslutning til ferdig resultat. Reguleringsplan for området vart vedtatt 20.6.2016. Vidare fekk vi dispensasjon frå kulturminnelova i 2017, under forutsetning om arkeologisk utgraving.  

Haldeplassen er bygd med stor eigeninnsats frå eigne tilsette på teknisk,  og ordførar vil nytte høvet til å gi dei stor ros for arbeidet. Dette har vore gjort i tillegg til alle dei faste oppåvene dei elles har gjennom året.

Leiar i NU Anita Kjersheim klipper snora, medan Per Ivar Aune og Ole Bjørn Hagen, som har arbeidd med ved det nye området, held snorbandet. S.H

Det skal bli godt og sleppe å få bussane gjennom dei trange sentrumsgatene. Noko alle dei inviterterte til markering var einige om. 

Inviterte til opninga var busssjåførane, politikarar, leiarne for eldrerådet, rådet for personar med funksjonsnedsetting, og ungdomsrådet, politiet ved trafikkansvarleg, og tilsette som har arbeidd med buss-stoppet.

Aure sentrum SH