Koronaviruset

01.04.2020 08.07

Oppdatert informasjon om karanteneregler

Oppdatert informasjon om karanteneregler

Folkehelseinstituttet oppdaterte sine retningslinjer for karantene fredag 13. mars. I denne artikkelen kan du lese meir om kven som skal i heimekarantene og kva råda til personar i slik karantene er.

 

Her er dei oppdaterte reglane for heimekarantene frå Folkehelseinstituttet:

Heimekarantene gjeld for følgande grupper:

  • Nærkontakt til person som har fått påvist koronasmitte
  • Personar som har vore utanfor Norden dei siste 14 dagane

Heimekarantene er aktuelt for dei som ikkje har symptom på koronavirus, men har hatt nær kontakt med eit bekrefta tilfelle eller har vore andre land, også dei nordiske, dei siste 14 dagane. Det vil seie at alle som har kome heim etter 27. februar skal i karantene i 14 dagar frå heimkomsttidspunktet.

I desse tilfella er ikkje dei andre i husstanden i heimekarantene.

Det er viktig at du er merksam på symptom som hoste, halsbetennelse, vanskar med å puste eller feber. Om du er i nærkontakt med ein person som har fått påvist smitte og får eitt av symptoma over, skal du ringe lege.

Barn og unge som er heime frå barnehage og skole skal forhalde seg slik som befolkninga forøvrig: Dei skal til dømes ikkje oppsøke område med mange folk, ikkje ha nærkontakt eller handhelse på andre og passe på handhygiena.

Dette kan du gjere ved heimekarantene:

Du kan gå ut av eigen heim, men du bør ikkje ha nær kontakt med andre. Det vil seie:

  • ikkje gå på jobb eller skole
  • unngå reiser og ikke ta offentlig transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre

Heimeisolasjon

Heimeisolasjon gjeld for:

  • Dei som har fått påvist koronasmitte men som ikkje treng innlegging på sjukehus
  • Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon og der det blir tatt prøver for å stadfeste koronasmitte
  • Dei som er i heimekarantene og som utviklar symptom på luftvegsinfeksjon

Heimeisolering gjeld om du er sjuk. Du skal vere årvåken på eigne symptom. 

Heimeisolering betyr at du skal halde deg heime, Du skal ikkje sjølv gå i butikk eller liknande. Legen skal i samråd med kommunelegen vurdere kven som skal hjelpe deg med nødvendige innkjøp. Avhengig av kva situasjon du er i, kan det vere ein nabo eller andre, til dømes heimetenesten.

Du bør opphalde deg og sove i eit anna rom enn dei andre du bor saman med. Har de fleire bad og toalett, bør du bruke iet separat bad og toalett. Du bør ha eige handkle på felles bad og toalett.

Om du bur saman med ein som er sjuk av koronavirus, blir du rekna som nærkontakt og bør ha heimekarantene. Du treng ikkje å bruk utstyr som beskyttar deg sjølv, men ha begrensa kontakt med den smitta.

Les meir om karantenereglane på folkehelseinstituttets side.

Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19. Forskrifta trer i kraft frå dags dato, 15.03.20:

https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-03-15-294