Oppdatert informasjon om koronavaksinering

Oppdatert informasjon om koronavaksinering

Ein kan fortsatt registrere seg for koronavaksine. Du treng ikkje bankID for å registrere deg. Dersom du ikkje kan, eller har problem med registrering på nett, kan du ta kontakt med oss på telefon 70 24 65 00. Sentralbordet er ope mandag-fredag 09.00 - 15.30. Du kan også få andre til å hjelpe deg. 

Registrer deg her

Kommunen starta denne veka vaksinering av bebuarar på BUAS.

Små forsendelser. Til no har vi fått 30 vaksiner. I vekene framover vil det vere små forsendelser av vaksine til kommunen. Informasjon om forsendelse får kommunen frå sentrale myndigheiter ei veke på førehand. Det er difor vanskeleg å seie kor mange vaksiner vi vil få i vekene framover. Følg gjerne med på nasjonale nyheiter om dette.

Innkalling. Det vil bli kort tid frå innkalling for vaksinasjon til gjennomføring. Registreringa vi har gjort til no er for å førebu oss i god tid. Når vi får vaksiner tek vi kontakt via SMS til dei som har registrert seg. Dersom du ikkje har høve til det vil du bli oppringt. 

Eigenerklæring. Alle som skal ta vaksine må fylle ut eit eigenerklæringsskjema på førehand. Dette kan du skrive ut sjølv, men det vil også bli utsendt til deg i god tid før vaksinetaking.

Skjema skal du ta med deg den dagen du tar vaksine. Om det er spørsmål i skjema du må avklare med fastlegen din, må dette vere klart før vaksinering.

Prioriteringsliste: Sykkylven kommune fylgjer dei nasjonale retningslinjene for dette.

Lokale for vaksinering

Vaksinasjonen vil foregå i tidlegare Sparebankbygget, pilgata 10. 

Heimetenestene vurderar kven som vil ha behov for vaksinering i eigen heim.

Den første  - Klikk for stort bileteKoronavaksine Buas Lillian Urtegård