Koronaviruset

01.10.2020 10.33

Oppdaterte reglar for karante i Sykkylven

Oppdaterte reglar for karante i Sykkylven

Vedtak gir små endringar for Sykkylven kommune sine innbyggjarar, i høve gjeldande vedtak.

Vedtaket er no tidsgrensa t.o.m 27 mars.

Sykkylven kommune legg seg på same linje som er tilrådd frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen rår kommunane til å gjere likelydande vedtak i sak om karantene i høve smittevernlov § 4.1. 

Sykkylven kommune sitt vedtak finn du her: 

 Vedtak fra kommuneoverlegen i Sykkylven kommune I lys av ovanståandede fattar kommuneoverlegen i Sykkylven kommune derfor følgjande vedtak:

«For å forsinke spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen laurdag 21.03.2020 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1, første ledd, bokstav d::

1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda synt til i punkt 4 i Noreg vert ilagt heimekarantene i 14 dager etter dei kjem til kommunen.

2) Personar som er tilreisande fra område i punkt 4 og som ikkje har bustad/opphaldsstad i kommunen vert forbydd å opphalde seg i kommunen.

3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitenes til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

4) Vedtaket gjeld per 16.03.2020 følgjande områder: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland. 

Unntatt for desse restreksjonane er:


a. Transittopphald på flyhavn i desse områda vert ikkje rekna som opphald i
området.
b. Opphald på plattform med påfølgande heimreise vert ikkje rekna som opphald
i område nemnt i punkt 4.
c. Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke fra dette
vedtakets karantenekrav.
Dette omfattar også personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.
d. Leiing av verksemder som er opplista etter DSB sin definisjon av
samfunnskritiske funksjonar vert gitt høve til å gjere unntak for eige
nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarlig drift
av kritiske samfunnsfunksjonar. Slike unntak kan gjerast av verksemda si
leiing, utan involvering av kommunen.
e. Det er tillatt med overnatting på hotell for personar som ikkje har privat
bustad/opphaldstad. Personar som ikkje er omtalt under bokstav c og d, er
imidlertid omfatta av karantenebestemmelsane.

Personar står fritt til å reise ut av kommunen.

Personar står også fritt til å bevege seg mellom kommunar i fylket og mellom fylke som ikke er nemnt i punkt 4.

Vedtaket har verknad frå 21.03.2020 og gjeld til og med 27.03.20.

Vedtaket kan også oppheves på et tidligere tidspunkt i eget vedtak.

 

Brev frå fylkesmannen (PDF, 77 kB)

 
 
 

Klikk for stort bilete