Oppmoding frå kriseleiinga i høve til reiser innanlands

Kriseleiinga oppmoder alle i kommunen til å vise forsiktigheit ved reiser til området med stor smitte, t.d. Bergen, Oslo og Stavanger med nabokommunar. Reiser i desse områda bør unngåast med mindre det er strengt nødvendig.  Følg også med på råda frå FHI og Helsedirektoratet.

Bedrifter som må ha inn personell frå raude land for reparasjonar eller nødvendig service, bør ta kontakt med kommuneoverlegen for råd.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon