Positiv test for koronavirus - Covid19

Positiv test for koronavirus - Covid19

Sykkylven kommune fekk fredag kveld melding om person som har testa positivt for koronavirus. Det dreiar seg om importsmitte, og vedkomande har vore i karantene sidan ankomst til Sykkylven kommune. Vedkomande er i isolasjon, smittesporing er fullført og nærkontakter er sett i karantene. Det har vore god etterleving av smittevernsrutiner, og ein mistenkjer ikkje vidare smitteføring inn i samfunnet. Vedkomande er i god form.

Klikk for stort bilete