Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Pressemelding - første tilfellet av koronavirus

Pressemelding - første tilfellet av koronavirus

Klikk for stort bilete Sykkylven kommune har no fått stadfesta det første tilfellet av koronasmitte Covid-19. Vedkomande fekk påvist koronasjukdom utanfor vår helseregion. Smitteoppsporing i Sykkylven er no gjennomført, og det er kun nær familie som har vore i kontakt med vedkomande.

Familien har no gått inn i 14 dagar heimekarantene. Alle familiemedlemmar er friske.

Der foreligg ikkje mistanke om vidare smitte av koronavirus i Sykkylven kommune.

Minner elles om dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner i regi av folkehelseinstituttet om heimekarantene ved debut av øvre luftveisinfeksjon.

Har du spørsmål send desse til:  korona@sykkylven.kommune.no