Pressemelding: VarslingstestÅknes Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som ein del av fjellskredberedskapen i kommunane. Onsdag 12.mai mellom kl. 12.00 - 14.00. vil Åtb teste desse befolkningsvarslingssystema. Sist endra 10.05.2021 09.13 Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon. I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda kommune, Fjord kommune, delar av Ålesund kommune, samt delar av Sykkylven kommune. Det vil være mogleg å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du også på www.aknes.no. Vi oppfordrer om å informere barna om denne testen på førehand. Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håper alle innbyggjarane har forståing for dette. ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt skred blir utløyst. Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988 Bilde frå ein tidlegare test ÅTB iks