Produksjons- og avløysartilskot - del 2, og regionalt miljøprogram. Søknadsfrist: 15. oktober.

Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon kan no sende inn del 2 av søknad om produksjons- og avløysartilskot for 2024. Teljedatoen er 1. oktober 2024. Søknaden skal sendast til kommunen via Altinn. 

Søknadsskjema finn du nedanfor: 

Søknadsskjema. Produksjonstilskot - del 2

Dersom du søkjer for første gong, rår vi at du tek kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen. Vi kan rettleie deg om søknadsprosessen og hjelpe deg med forbuingane.

To ting må vere på plass før du kan søkje om produksjonstilskot for første gong: 

  • Føretaket ditt må vere registrert i Einingsregisteret seinast innan søknadsfristen. Dette bør gjerast i god tid før søknadsomgangen startar.
  • Du må ha elektronisk ID som kan brukast til å logge inn via Altinn (MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil) og tilgang til å sende inn søknad på vegne av føretaket. 

I tillegg er det viktig at: 

  • Føretaket ditt er registrert med ei undereining (verksemd). Dette kan du søkje opp sjølv på nettsidene til Brønnøysundregisteret.
  • Alle nye søkjarar bør kontakte kommunen for å få hjelp til å knyte føretaket til ein landbrukseigedom (driftssenter) i Landbruksregisteret.

Meir informasjon om produksjonstilskot finn du på landbruksdirektoratet sine nettsider: 

Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - Landbruksdirektoratet

 

Regionalt miljøprogram (RMP)

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker. Søknadsskjema finn du nedanfor: 

Søknadsskjema - Regionale miljøtilskot (RMP)

I Sykkylven kan du søkje på følgjande ordningar:

  • Skjøtsel av bratt areal
  • Slått av slåttemark
  • Tilrettelegging av fuglebiotopar
  • Drift av seter med mjølkeproduksjon og levering til meieri
  • Drift av seter med mjølkeproduksjon og eigen foredling
  • Skjøtsel av gravminne
  • Vedlikehald av fangdammar
  • Spreiing i vår-/vekstsesong
  • Bruk av nedleggings- eller nedfellingsutstyr
  • Bruk av tilførselsslangar
  • Klimarådgjeving

Meir informasjon om regionale miljøtilskot finn du her: 

Regionale miljøtilskot (RMP) | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)