Prosjektleiar/Leiar for tenestekontor/koordinerande eining

Prosjektleiar/Leiar for tenestekontor/koordinerande eining

Sykkylven kommune skal opprette tenestekontor, og prosjektleiar får vere med på å påvirke, utforme og utvikle dette nye tilbodet. Vi leitar etter deg som har erfaring med prosjekt, sakshandsaming og/eller interesse for denne delen av helse- og omsorgstenesta.

Kontoret si hovudoppgåve er å avklare enkeltpersonar sitt behov for helse- og omsorgstenester, samt vere koordinerande eining. Tenestekontoret skal vurdere behov for tenester, fatte vedtak og ta ansvar for koordinering av tenestene.

Stillinga vil førebels vere ei prosjektstilling då den er knytt til tilskotsmidlar, men det vil vere store moglegheiter for fast tilsetting etter prosjektperioden

Tenestekontoret, blir etablert i lokale ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter, Haugneset 16, Sykkylven kommune

Søknadsfrist 20.08.2019. Ledig frå november 2019.

Meir om stillinga finner du ved under ledige stillingar.