Råd for å førebygge økonomiske utfordringar når inntekta vert redusert

Aller først må du skaffe deg ei oversikt over inntekter og utgifter for å sjå om økonomien din går rundt. Ein må tilpasse utgiftene sine ut i frå inntektene. Lag deg eit budsjett

  • Kor mykje får du utbetalt per månad? (løn, trygd, barnetrygd, barnebidrag, bustøtte, etc.)
  • Kva faste utgifter har du? (husleige, straum, tlf, barnehage, forsikring, internett, etc.)
  • Når blir løn/trygd utbetalt og når er det forfall på utgiftene?
  • Kor mykje er igjen av inntekta etter at alle dei faste utgiftene er betalt?
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Gode tips

  • Set av feriepengar og skatt til gode, for å kunne betale framtidige rekningar.
  • Løys ikkje pengeutfordingar med å ta opp meir lån!
  • Kontakt banken og kreditorane for å finne løysingar for nedbetaling. Søk banken om avdragsutsetjing på bustadlån. Har du studielån og er arbeidsledig kan du ha rett på å få sletta renter. Har du gjeldsforsikring?
  • Klarer du ikkje å betale rekningar til forfall, ta kontakt tidlegast mogleg med leverandør eller inkassoselskap og bli samd om ein overkomeleg nedbetalingsplan.
  • Sei opp unødvendige abonnement og dobbelforsikringar.
  • Sjekk moglegheit for rimelegare abonnement for telefon, breiband, forsikring og straum.  
  • Har du eigedelar du kan selje?

Du bør ha følgjande utgiftsprioritering når inntekta er redusert:

1. Renter på bustadlån og bustadforsikringHusleige og fellesutgifter til burettslaget/kommunale avgifter på bustad.

2. Husleige og fellesutgifter til burettslaget/kommunale avgifter på bustad.

3. Straum.

4. Barnehage/SFO.

5. Barnebidrag.

6. Telefon/internett.

7. Nødvendig transport.

8. Andre forsikringar.

9. Andre rekningar.


Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som mogleg. NAV har ein økonomirådstelefon som kan gi deg råd og veiledning om kva du kan gjere med dine økonomiske vanskar. Ring NAV Gjeldsrådgivning - telefonnummer 555 53 339. Meir informasjon finn du her