Nasjonale råd:
Hvis du reiser til ei anna kommune, eller til hytta, ha minst mulig kontakt med andre og handle gjerne før du reiser.
Kjem du frå ein stad med strengare smittevernreglar enn dit du kjem skal du handheve dei strengaste
Du bør unngå fleire enn 10 sosiale kontakter pr veke.
Du bør unngå besøk av meir enn 2 personar i din eigen heim. Kan de samlast ute så er det best.
Overnattingsbesøk blir frarådd for personar som kjem frå områder med høgt smittenivå.
Reiser til utland er frarådd.
Les alle dei nasjonale råda her
Lokal presisering:
Sykkylven kommune vil, i samarbeid med andre sunnmørskommunar:
- forsterke råda om å ikkje gjere unødige reiser
- minne om at nasjonale råd seier maksimum kontakt med 10 personar i heile påskeveka - ikkje pr. gong eller pr. kveld.
Dersom familiar planlegg å ta imot besøk frå område med høgt smittetrykk i påska, rår kommunen til at denne reisa blir avlyst. Unntaket gjeld studentar som ikkje har familie på studiestaden. Her vil kommunen sterkt tilrå testing før avreise og ny test i heimkommunen.
Kommunen presiserer også at det er anbefalt å ikkje ha overnattingsbesøk i påska, med dei unntaka som står i dei nasjonale råda.
Testing :
Veke 12: Tysdag, torsdag og fredag.
Veke 13: Mandag, tysdag og fredag.
Veke 14: Tysdag, onsdag og fredag.
Du bestiller time digitalt: www.c19.no
Koronatelefon ( 48 14 52 59) er open kvardagar kl 0900-1500.
Veke 13 er koronatelefonen open måndag og tysdag kl 0900-1400, fredag kl 0900-1100.
Vaskinering : Vi vaksinerer tysdagar. I veke 13 blir vi ferdig med aldersgruppe 75-84 år.